Kvifor ta grunnkurs?

Kvifor ta grunnkurs?

Publisert av Finn Bakke den 29.01.17. Oppdatert 24.05.23.

Våttkort
Norges padleforbund har laga det dei kallar VÅTTKORTSTIGEN, som er ein serie kurs du kan ta for å dokumentera formell padleopplæring.
Våttkort er eit plastkort på storleik med et vanleg kredittkort. På baksida av kortet klistra du på oblat, som viser dei kursa du har tatt i NPF.
Våttkortet er berre gyldig med slike oblat. Innhald i grunnkurs for havpadling i NPF. Dette må du ha for å kunna låna kajakk hos andre klubbar eller på ferie i utlandet

Grunnkurs
I kurset blir deltakarane gjort kjende med kajakk og utstyr. Dei får praktisk øving i å bruka kajakk, årar, trekk og vest. Vidare blir ein
kjend med enkle sikkerheitsrutinar og får øva på dei, og får testa ut effektiv manøvrering av kajakken
Innhald
• Løfta, bera, sjøsetja og entra kajakken
• Effektiv fremoverpadling
• Bakoverpadling og stopp
• Manøvrera kajakken sidelengs.
  Lågt støttetak
• Styretak (bak)
• Sving (sveipetak og styretak)
• Ilandstiging
• Sikring av kajakken etter ilandstiging
• Redningsteknikkar
• Skadeførebygging
• Planlegging av enkel tur som skal gjennomførast
• Generell sikkerheit og grunnleggande sjømannskap
• Generelt om friluftsliv og Allemannsretten
• Sporlaus ferdsle
Kurset varer i 16 timar.