Blir du med på padletur?
På fellesturane padlar me oftast ut frå Erestraumen, sidan mange vil nytta klubben sine kajakkar. Fellesturane blir annonsert på klubben si facebookside, på dagar med lagleg vér.
Ved høve startar turar frå andre punkt som: Nautøy/Føyno, Kråko Fitjar, Rolvsnes, Hiskjo osv.
Me legg dei vanlege fellesturane opp alt etter kven som blir med. Det er nyttig med grunnkurs hav som erfaring til turane, men om du vil testa ut om padling er noko for deg, er du velkomen til å vera med på tur med den padleerfaringa du har.
Sidan det er relativt kaldt i sjøen her vest det meste av sesongen, må du ha tørrdrakt eller våtdrakt for å vera med på turane.