Kva er Sommarpadling Sunnhordland 2023?
Sommarpadling Sunnhordland 2023 er ein uhøgtideleg konkurranse for å motivera flest mulig padleinteresserte til å bruka og nyta det flotte padlelandskapet me har her i ytre Sunnhordland.
For å delta i konkurransen lastar du ned app’en 'Trimpoeng' til telefonen din.
Følg instruksjonen i app’en for å registrera deg i konkurransen 'Padlepostar Sunnhordland'.
Kanskje du alt er deltakar i Bømlo Turlag sin 'Topptrim' eller ' Familietrim'.
Me brukar den same app'en som dei, men har vår eigen konkurranse, 'Sommerpadling Sunnhordland'.
Registreringsavgifta er kr 150,-
Tryggleik. På bildet til kvar post er det lagt inn ein kode som fortel kor utsett posten er for vêr og vind, etter desse kodane:
Grøn stripe: Område som er lite utsett for vêr og vind
Blå Stripe: Område som kan vera meir utsett for vêr og vind
Raud stripe: Område som er svært utsett for vêr og vind
Vis respekt for vêrtilhøva. Hugs solgangsbrisen.
Ta bilde på padleturane dine og legg ut på Instagram!
Bruk emneknagg #padlingsunnhordland og #Trimpoeng.
Bilda dukkar etter kort tid opp på heimesida til konkurransen.
God Tur