Grunnkurs 2025

Publisert av Finn Bakke den 25.05.25. Oppdatert 01.06.25.

Grunnkurs 2025

I kursplanen vår for 2025 har me sett opp i alt 12 kurs, det første helga 21. - 22. juni. Påmelding til kursa startar 1. juni, med siste frist for påmelding tysdagen før dei enkelte kursa startar. Me treng minst 3 påmeldte for at eit kurs kan gjennomførast. 

Klubben låner ut kajakkar og utstyr gratis til kursdeltakarar. 

I deler av kursa må ein ut av kajakken og i sjøen. Difor er det nødvendig med tørrdrakt eller våtdrakt på kursa. Ei enkel våtdrakt frå Europris gjer nytta. Klubben har tørrdrakter til leige, for dei som ynskjer det.

Dersom ei gruppe på minst 3 personar ynskjer eit særskilt opplegg på kurset med tanke på tid og stad, kontakt klubben på post@sunnhordlandpadleklubb.no

Grunnkursa føl padleforbundet sitt opplegg til grunnkurs hav i våttkort-stigen. Du vil óg få utfyllande informasjon om kurset frå instruktør når du er påmeldt kurs, i veka før kurset startar. Har du spørsmål om kurs, kontakt klubben på post@sunnhordlandpadleklubb.no.

Me planlegg eit teknikkurs i løpet av hausten, for dei som har grunnkurs og ynskjer å utvikla padlinga si vidare. Kontakt klubben om du er interessert. Eit kjekt og nyttig kurs!

Du finn kursa her.                        

Meld deg inn i klubben (og få kursrabatt) før du melder deg på kurs.