Grunnkurs 2026

Publisert av Finn Bakke den 25.05.25. Oppdatert 22.05.26.

Grunnkurs 2026

I kursplanen vår for 2026 har me sett opp i alt 9 kurs, det første helga 6. - 7-. juni. Påmelding til kursa startar, med siste frist for påmelding ondagen før dei enkelte kursa startar. Me treng minst 3 påmeldte for at eit kurs kan gjennomførast. 

Klubben låner ut kajakkar, og utstyr gratis til kursdeltakarar. Du kan leiga tørrdrakt frå klubben for kr 400.

I deler av kursa må ein ut av kajakken og i sjøen. Difor er det nødvendig med tørrdrakt eller våtdrakt på kursa. Ei enkel våtdrakt frå Europris gjer nytta når det er godt ver og varmt i sjøen.

Dersom ei gruppe på minst 3 personar ynskjer eit særskilt opplegg på kurset med tanke på tid og stad, kontakt klubben på post@sunnhordlandpadleklubb.no

Grunnkursa føl padleforbundet sitt opplegg til grunnkurs hav i våttkort-stigen. Du vil óg få utfyllande informasjon om kurset frå instruktør når du er påmeldt kurs, i veka før kurset startar. Har du spørsmål om kurs, kontakt klubben på post@sunnhordlandpadleklubb.no.

Me planlegg eit teknikkurs i løpet av hausten, for dei som har grunnkurs og ynskjer å utvikla padlinga si vidare. Kontakt klubben om du er interessert. Eit kjekt og nyttig kurs!

Du finn kursa her.                        

Meld deg inn i klubben (og få kursrabatt) før du melder deg på kurs.