Otto Molvær - kajakk - kultur-tur

Publisert av Finn Bakke den 24.09.25.

Kajakk - kultur-tur med Otto Molvær

..solo padletur langs heile norskekysten frå Svinesund til Grense Jakobselv

Fekk du ikkje med deg foredraget som Otto Molvær heldt på padleklubben sitt årsmøte 2023, møt opp på

Sveio Folkebibliotek måndag 27. oktober kl 19.

Dette skriv Sveio Folkebibliotek om Otto Molvær:

Hei. Sveio Folkebibliotek innviterar til Kajakk-Kulturtur med Otto Inge Molvær. Otto Inge Molvær er 86 år, men framleis full av eventyrlyst og historier. Sveio kyrkje har kalla han «Sveio si største globetrotter» – og det med god grunn. Han har oppsøkt dei varmeste, kaldaste, lengste, høgaste og mest krevjande stadene på kloden.

Men Otto Inge er langt meir enn ein reisande fant. Han er altmulegmann, dykkarleiar, kommandør, moromann, fotograf, forfattar, bestefar, kyrkjegjengar, friluftsmenneske, båtbyggjar, samfunnskritikar og utviklar – og ikkje minst ein meister til å formidle.

Denne kvelden deler han opplevingar frå sin kajakktur åleine langs norskekysten – eit eventyr som kombinerer natur, kultur og personleg styrke.

Bli med på ein inspirerande og underhaldande kulturtur!

Bill.: 50,-

Otto som står i eigen, sjølvbygd grønlandskajakk i sommar

Frå Finnkjerka ved Nordkapp.