Sunnhordland padleklubb feirar 20-års jubileum

Publisert av Finn Bakke den 22.05.26.

Bli med på feiringa laurdag 30. mai 

Me feirer 20-årsjubileumet til padleklubben med ein padletur rundt Gisøy i Brandasund LAURDAG 30. MAI, med atterhald om høveleg ver for ein slik tur. Oppmøte kl 15.30 ved butikken til Nillo på Skjeret.

Turen er omlag 8 km lang, i delvis eksponert farvatn. Me passar godt på kvarandre.

Me vel ei alternativ rute om nødvendig.

Treng du låna kajakk og anna utstyr organiserer du det sjølv på vanleg måte. Spør andre om hjelp til transport.

Etter ein frisk tur i kajakk blir det servert gratis fiskesuppe kl 19.30 på Skjeret/Selsøy.

Dei som ikkje vil delta på padleturen, møter opp til matseveringa kl 19.30.

Padletur og servering er for medlemmene i Sunnhordland padleklubb. 

Vel møtt!