Sunnhordland padleklubb 20 år, frå feiringa

Publisert av Finn Bakke den 02.06.26.

Feiringa av 20 årsjubileet.

20 års jubileum for Sunnhordland padleklubb blei Lørdag 30 mai feira med ein padletur i Brandasund området. 13 medlemmer deltok på turen. Turen starta frå Nillo på Skjeret, sørsida av Selsøy, ut mellom Søra Rinaldsholmen og runt Klamsøya og til Hanøy. Her tok me ein liten pause. Nokon gjekk til topps på Hanøya (50moh), medan andre tok turen på aust/ nord sida av Hanøy for å sjå Hanen. Turen blei ikkje så lang denna ettermiddagen då fiskesuppa til Jostein stod på kok. Vel tilbake på Skjeret blei me møtt av fleire medlemmer som blei med til middag og sosialt samver. Drøsen gjekk rundt borda, det meste om padling og turar. Historier fra klubbens oppstart og padleturar dei fyrste åra stod Odd Bondevik for, som var ein av 4 initiativtakarane til skipinga av klubben i 2006. Odd fortalte om mange lokale stader i Sunnhordland han hadde vore på, og oppmoda oss andre til å ta turane til desse magiske plassane. Leiar for klubben hadde ei historisk oppsummering av viktige hendingar desse 20 åra. Kort oppsummert:

  • Mange lokale og tilreisanede med familier har vore innom for kursing,

  • Oppretting av padlebaser på Fitjar(Kråko) og Bømlo(Erestraumen),

  • Turskilt-programmet som var ei bestilling frå Vestland fylkje til kommunane Stord og Bømlo. Klubben vart hyra inn til å laga rutene og Norges padleforbund var med og godkjente dei,

  • 20 år med bassengtrening. Desse hadde me i bassenga på Fitjar, Rubbestadneset og i Bømlo Symjehall,

  • Deltaking på Friluftfestivalen på litlabø.

Padleglede er fellesskap – og i fellesskapet finn både mosjonistar og erfarne padlarar sin plass. Ingenting kan måla seg med å padla på tur med ein padlevenn.

Arrangerte padleturar har stort sett vore i Sunnhordlandsbasenget, men noken har også reist til andre stadar i Norge. Nokre har freista reisa til utlandet for å sjekke padleparadisa der.

Ta bilder av natur og opplevingar, kjenna naturens ro, kraft og stemning ute på ei øy, ein holme, i ei vik, surfa på ei bølge…Det a er dette som er padleglede. Sunnhordland padleklubb ønsker alle ein fantastisk flott sommar med mange fine padleturar og opplevingar.

Den glade festgjengen

Fjekkprofilen som har gitt Hanøya namn

På veg ut frå Skjeret i retning Hanøya

Frå roleg farvatn mellom Klamsøya og Klamsholmen til heftig sjø inn frå Selbjørnsfjorden.

Nokre tok turen på land på Hanøya, andre venta i mak i kajakken

Samling ved Hanøya

Tøffe forhold før me kom oss i lè innom Hanøya

Frå Hanøya