Dagstur
Invitasjon til padletur i Fitjarøyane
Me planlegg ein triveleg padletur og håpar du vil bli med! Her er detaljane for turen:
Kor: Oppstart frå Steingardseidet / Port Steingard, Kråko i Fitjar.
Når: Fredag 1. mai 2026. Oppmøte kl. 12.00, me er på sjøen kl. 12.30. Me reknar med å vere tilbake rundt kl. 17.30.
Kven: Turen er open for alle som har lyst på ein fin dag på vatnet i lag med andre.
Kvifor: Me får storfint besøk av den nye generalsekretæren i Norges Padleforbund, Anja Veum.
Ver og forhold
Varselet viser mellom 8 og 11 grader og ein vindstyrke på 5–7 m/s frå sørvest/sør. Me legg opp ruta slik at me finn mest mogleg ly for vinden, og me satsar på å finne ein lun stad for ein god pause undervegs.
Hugs dette:
Kle deg godt: Bruk tørrdrakt, varm hue og gjerne hanskar.
Mat og drikke: Ta med niste og noko varmt å drikke.
Lån av utstyr: Det er nokre kajakkar til utlån i Port Steingard. Om du treng utstyr, ta kontakt med utstyrsansvarleg Fitjar, Kjetil Helle, på tlf./SMS: 952 77 189.
Viktig å vite: Turen er i utgangspunktet avslappande, men låg temperatur og vind kan gjere forholda noko krevjande. Sørg derfor for at du er førebudd på forholda og har rett utstyr.
Blir du med på tur?