Aktiviteter

Me har starta ein ny uhøgtideleg padlekonkurranse som me har kalla ’Vinterpadling Sunnhordland’. 10 postar er plassert ut i Fitjarøyane og rundt Bømlo. Registrer deg på postane med bruk av app-en ’Trimpoeng’, på same måte som i konkurransen i fjor. Premie til den som samlar flest poeng fram til 2. påskedag.

Padling er heilårsaktivitet. Difor drar me i gong ein ny uhøgtideleg padlekonkurranse, kalla 'Vinterpading Sunnhordland'. Konkurransen vår i sommar og haust var ein stor suksess, med ca 16 500 poeng totalt, frå nær 300 innsjekkingar. Me satsar på like god deltaking denne gongen.

Om ikkje alle dagar er like fristande for kajakktur no på vinterstid, kjem det godvêrsperiodar og forlokkande padlevêr framover. Det er berre å kle seg og gle seg!

Konkurransen har i alt 10 postar, frå Teløy og Siglo i nord, Rogøy og Gulo (Hiskjo) i vest og Spissøy og Børøy i sør. Sjå oversynskart nedanfor.

Konkurransen startar 1. desember og blir avslutta med premiering 2. påskedag, 17. april.

Det gjeld sjølvsagt å samla mest poeng frå nokre eller alle postane.

 For å delta i konkurransen lastar du ned appen 'Trimpoeng', leitar opp konkurranser 'Vinterpadling Sunnhordland' og melder deg på. Startavgift kr 100,

 Det kan vera lurt å logga seg inn på app'en og finna fram posten mens du enno er i område med mobildekning. Når du er framme med målet, får du høve til å registrera deg på posten via mobilen, og slik samla poeng. Du må vera innafor sirkelen som er teikna rundt posten for vellukka registrering. Plasseringa di blir vist med ein blå prikk i kartet.

Du finn all informasjon du treng i appen, inkl rankingliste ettersom konkurransen skrir fram. 

Dersom du av ulike årsaker ikkje får registrert deg på posten, sender du oss ei melding på post@sunnhordlandpadleklubb.no og ber om manuell registrering. Oppgi dato og klokkeslett for registreringa.

Tryggleik. På bildet til kvar post er det lagt inn ein kode/stripe som fortel kor utsett posten er for vêr og vind, etter desse kodane:

Grøn stripe: Område som er lite utsett for vêr og vind

Blå Stripe: Område som kan vera meir utsett for vêr og vind

Raud stripe: Område som er svært utsett for vêr og vind

Vis respekt for vêrtilhøva. Hugs solgangsbrisen.

Ta bilde på padleturane dine og legg ut på Instagram! Bruk emneknagg #padlingsunnhordland  og #Trimpoeng. Bilda dukkar etter kort tid opp på heimesida til konkurransen.