Vedtekter

Vedtekter for Sunnhordland Padleklubb

 


Sunnhordaland Padleklubb stifta 27.04.2006 på Stord.


Nye vedtekter i Sunnhordaland Padleklubb, er presenterte og godkjende av årsmøte 27.03.2008

§1 Føremål
Sunnhordaland Padleklubb (SP) skal vera ein friviljug klubb med hovudvekt på kajakkpadling og ivareta medlemmane sine interresser i klubben. Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom. Reglane i NIF-lova kapittel 1, 2, 10 11, 12, 13 og 14 gjeld for klubben uavhengig av kva som måtte stå i klubben sin eigen lov.

§ 2 Organisasjon
SP består av eit styre som skal forutan leiar, kasserar og skrivar, skal ha to varamedlemmer. Det kan i framtida vera aktuellt å søkjer medlemskap i Norges Padleforbund, men til den dato gjelds vedtekene som er godkjende av stiftingsmøtet. Det er årsmøtet som tek avgjerd om det skal søkjast om medlemskap i Norges Padleforbund. Klubben er sjølveiande og frittståande med utelukkande personlige medlemmer. (*1) SP jobbar for aktivitet i kommunane: Stord, Fitjar, Tysnes og Bømlo.


§ 3 Medlemer
Alle som aksepterer SP og overordna idrettsorgan sine lover og vedtekter kan bli tatt opp som medlem. (*2)
Dessutan må alle som er medlem følgje lovene til NIF, andre organisasjonsledd og SP sine eigne lover og vedtekter.
Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at økonomiske plikter til andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.
Medlemskap i laget er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.
SP plikter å føre elektroniske medlemslister, som kan nyttast av idretten sitt nasjonale medlemsregister i tråd med retningslinjer gitt av Idrettsstyret. (*3)


§ 4 Medlemskontingent og avgifter
Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast på forskot.
Andre avgifter/eigendeler kan krevjast for deltaking i aktivitetstilboda i SP.


§ 5 Kven har stemmerett og kven kan veljast
For å ha stemmerett må ein medlem vere fylt 15 år, og hatt gyldig medlemskap i minst 1 månad og ha oppfylt medlemskrava, jf. NIF-lova § 2-5. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt, jf. NIF-lova § 2-9.

Alle medlemer som har stemmerett kan veljast til tillitsverv i SP, og som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Ein tillitsvald kan derimot ikkje samtidig vere arbeidstakar i SP. Spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i laget kan like fullt veljast som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd.

Medlemer som skuldar kontingent har ikkje stemmerett, kan ikkje veljast og kan ikkje vere representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Medlem som skuldar kontingent for meir enn eitt år, kan av styret strykast som medlem i SP. (*4)
Dersom medlemen, ved forfall, skuldar kontingent for 2 år, skal medlemskapen avsluttast ved stryking frå SP si side. Når ein medlem vert stroken, kan vedkomande ikkje takast opp att før skuldig kontingent er betalt.


§ 6 Godtgjersle til tillitsvalde
For refusjon av utgifter og godtgjersle til SP sine tillitsvalde gjeld:
Tillitsvald kan få refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vedkomande vert påført i utføringa av vervet. Tillitsvald kan ta i mot ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. Utgifter til tapt arbeidsforteneste og til godtgjersle skal gå fram av budsjett og rekneskap.


§ 7 Kjønnsfordeling
Ved val/oppnemning av representantar til årsmøte/ting, samt medlemmer til styre, råd og utval m.v. i NIF og NIF sine organisasjonsledd skal det veljast kandidatar/representantar frå begge kjønn.

Sammansettingen skal vere høvesvis i høve til kjønnsfordelingen i medlemsmassen, likevel slik at det skal vere minst to representantar frå kvart kjønn i styre, råd og utval m.v. med meir enn 3 medlemmer. I styre, råd og utval m.v. som består av 2 eller 3 medlemmer skal begge kjønn vere representert. Varamedlemmer tel ikkje med ved utrekningen av kjønnsfordelingen.

Idrettsstyret kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gjere unntak frå denne regelen.


§ 8 Inhabilitet (*5)
Tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette er inhabile til å tilretteleggje grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:
a) når vedkomande sjølv er part i saka
b) når vedkomande er i slekt eller svogerskap med ein part i oppstigande eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken
c) når vedkomande er gift med eller er forlova eller sambuer med ein part
d) når vedkomande er leiar for eller har leiande stilling i eller er medlem av styret i eit selskap som er part i saka.

Sameleis er tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette inhabile når andre særeigne tilhøve ligg føre som kan svekke tilliten til om vedkomande er upartisk, mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gi særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande sjølv eller nokon som vedkomande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om inhabilitetsmotsegn er reist av nokon part.

Inhabilitetsspørsmålet vert avgjort av det aktuelle organet. (*6)

Inhabilitetsreglane skal ikkje brukast dersom det er innlysande at den tillitsvalde eller tilsette si tilknyting til saka eller partane ikkje vil kunne påverke vedkomande sine standpunkt og at idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkomande bør vike sete.

Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna i det same organisasjonsleddet.

Med part vert det her meint tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette som ei avgjerd rettar seg mot eller som saka elles direkte gjeld.


§ 9 Straffesaker
For alle straffesaker gjeld NIF-lova kapittel 11 og 12 (NIF sine straffevedtekter).


§ 10 Årsmøtet

SP sitt øvste organ er årsmøtet som vert halde kvart år i februar månad.
Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand, (*7) direkte til medlemene og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle medlemene i SP har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer som minst svarar til talet på styremedlemmer. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er oppført på utsend/kunngjord sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.


§ 11 Leiing av årsmøtet
Årsmøtet vert leia av vald(e) dirigent(ar). Dirigenten/-ane treng ikkje vere medlem av SP.


§ 12 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal: (*8)

1. Godkjenne dei som har stemmerett
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
3. Velje dirigent(ar), sekretær(ar) (*9) og 2 representantar til å skrive under protokollen
4. Handsame SP si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar
5. Handsame SP sin rekneskap i revidert stand (*10)
6. Handsame innkomne forslag og saker
7. Fastsetje medlemskontingenten
8. Vedta SP sitt budsjett. (*10)
9. Handsame SP sin organisasjonsplan (*11)
10. Gjere følgjande val:
a) Leiar og nestleiar
b) Styremedlemer (*12) og varamedlemer
c) Andre val i høve til årsmøtevedtatt organisasjonsplan, jf. § 12 pkt. 9.
d) 2 revisorar (*13)
e) Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som idrettslaget er tilslutta
f) Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte.

Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter vert varamedlemene valde samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetala.

Vala skjer i samsvar med NIF-lova § 2-11.

Arbeidstakar innan eit organisasjonsledd kan ikkje veljast til verv i eige eller overordna organisasjonsledd. Ein arbeidstakar i eit allianseidrettslag eller lag organisert av allianseidrettslaget kan ikkje veljast verv i allianseidrettslag eller i lag organisert av samme allianseidrettslag. Tillitsvalt som får relevant tilsetting i perioden plikter å gå frå tillitsvervet. Idrettsstyret kan gi dispensasjon.

Person som sjølv har samarbeidsavtale med organisasjonsledd, eller er styremedlem, tilsett i leiande stilling eller er aksjonær med vesentleg påverknad i ein juridisk person som organisasjonsleddet samarbeider med, kan ikkje veljast til verv innan organisasjonsleddet. Avgrensinga gjeld likevel ikkje for styremedlem oppnemnt av organisasjonsledd. Tillitsvalt som får ein slik samarbeidsavtale, styreverv, tilsetting eller eigardel i juridisk person, plikter å gå frå tillitsvervet. Idrettsstyret kan gi dispensasjon.


§ 13 Stemmegjeving på årsmøtet
Med mindre anna er lovfesta skal eit vedtak for å vere gyldig ha fått vanleg fleirtal av dei avgjevne stemmene.

Val skjer skriftleg dersom det ligg føre meir enn eitt forslag eller det vert fremja krav om det.

Dersom det skal vere skriftlege val, kan det berre førast opp kandidatar som det er gjort forslag om på stemmesetelen. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som det ikkje var forslag om, eller som ikkje har det talet det skal stemmast over, tel ikkje, og stemmene vert rekna som ikkje avgjevne.
Når eit val skjer enkeltvis og ein kandidat ikkje får meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene, skal det haldast omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, vert valet avgjort ved loddtrekning.

For å vere gyldig må val vere gjennomført i samsvar med NIF si lov §§ 2-4 og 2-5.

Når det ved val skal veljast fleire ved ei avstemming, må alle, for å verte valde, ha meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemer. Dersom ikkje mange nok kandidatar har oppnådd dette i første omgang, vert dei valde som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det vert så halde bunde omval mellom dei andre kandidatane, og etter denne avstemminga er dei valde som har fått flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, vert valet avgjort ved loddtrekning.


§ 14 Ekstraordinært årsmøte i SP

Ekstraordinært årsmøte i SP vert innkalla av SP sitt styre minst 14 dagar på førehand etter:
a) Vedtak på årsmøte i SP
b) Vedtak i styret i SP
c) Skriftleg krav frå 1/3 av medlemene i SP
d) Krav etter vedtak i overordna organisasjonsledd: NIF eller idrettskrets.

Ekstraordinært årsmøte i SP skal berre handsame dei sakene som er med i vedtaket eller i kravet om innkalling av årsmøtet. Sakliste og nødvendige saksdokumenter skal følgje innkallinga.


§ 15 Idrettslaget sitt styre (*14)

SP vert leia og forplikta av styret, som er SP sitt høgste organ mellom årsmøta.

Styret skal: (*15)

1. Iverksetje årsmøtet og overordna idrettsstyresmakter sine vedtak og avgjersler
2. Sjå til at SP sine midlar vert brukt og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtak som er fatta på årsmøte/ting eller av overordna organisasjonsledd. Styret skal vidare sjå til at SP har ein tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen, og har ein forsvarleg økonomistyring. (*16)
3. Etter behov oppnemne komitéar/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide mandat/instruks for desse
4. Representere idrettslaget utetter.

Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

Styret er vedtaksført når eit fleirtal av medlemene i styret er til stades. Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ved stemmelikskap er møteleiaren si stemme avgjerande.
§ 16 Grupper/avdelingar/komitéar

SP skal ha valkomité som skal veljast på fritt grunnlag på årsmøtet i SP, etter innstilling frå styret, og har som oppdrag å leggje fram innstilling på kandidatar til alle andre tillitsverv som skal veljast på årsmøtet.

SP kan organiserast med grupper og/eller avdelingar. Årsmøtet i SP gjer vedtak om skiping av grupper/avdelingar, og korleis desse skal organiserast og leiast. Dette vert vedteke i samband med årleg handsaming av SP sin organisasjonsplan, jf. § 12 pkt. 9.

Heile SP heftar for gruppene/avdelingane sine økonomiske plikter og ansvar, og grupper/avdelingar kan ikkje gjere avtaler eller representere SP utetter utan godkjenning frå styret. (*17)
§ 17 Lovendring (*18)

Lovendring kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i SP etter å ha vore oppført på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene.

Lovendringar må godkjennast av Idrettsstyret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende.

Idrettsstyret kan i samband med godkjenning av lovene til underliggjande organisasjonsledd redigere desse slik at dei ikkje kjem i motstrid med vedtektene i NIF-lova.

§ 18 kan ikkje endrast.

Lovendringar gjort av Idrettstinget, som har konsekvensar for SP, trer i kraft straks.
§ 18 Oppløysing (*19)

Oppløysing av SP kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det innkallast til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket også her gjerast med 2/3 fleirtal.

Samanslåing med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. (*20)
Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i samband med dette skal gjerast i samsvar med vedtektene om lovendring, jf. § 17.

I tilfelle oppløysing eller anna avbrot av laget tilfell laget sine eignelutar NIF eller føremål godkjent av Idrettsstyret.

Ved konkurs vert organisasjonsleddet rekna som oppløyst og misser såleis medlemskapen i NIF. Ved konkurs gjeld reglane i konkurslova og dekningslova.
Fotnotar:


(1) Idrettslag kan berre vere medlem av eitt idrettsråd. Dersom det naturlege området for eit idrettslag strekkjer seg over meir enn ein kommune, avgjer laget sitt årsmøte ved lovvedtak kva for idrettsråd det vil vere med i.
(2) Når det står ”kan bli tatt opp som medlem” tilseier dette at ingen har krav på å bli medlem. Lovutvalet har meldt at med bakgrunn i korleis vedtekta vart til, har eit idrettslag rett til å avslå ein opptakssøknad i heilt spesielle tilfelle. I tilfelle tvist avgjer idrettskretsen om søkjaren kan takast opp. Kretsen si avgjerd kan ankast til Idrettsstyret innan 14 dagar etter at rekommandert melding er sendt til dei partane saka gjeld.
(3) Regelen trer først i kraft når Idrettsstyret fastset det.
(4) Skuldig kontingent må forståast å vere manglande innbetaling i høve til den betalingsfristen som styret har sett ved utsending av kontingentkravet. Skuldig kontingent for meir enn eitt år må forståast slik at det kan gjennomførast stryking etter ordinært årsmøte og når det er vedtatt kontingent for nytt driftsår. Laga vert oppfordra til å innarbeide gode rutinar i høve til stryking.
(5) Teksta i denne § kan erstattast med: ”For inhabilitet gjeld NIF- lova § 2-7.”
(6) Inhabilitetsreglane gjeld ikkje på årsmøtet.
(7) Minimumsfrist i høve til NIF-lova § 2-8.
(8) Dersom saklista ikkje kan fullførast, kan det innkallast til framhaldande årsmøte. Slik innkalling skjer på tilsvarande måte som for ordinært årsmøte, men eventuelt med kortare frist godkjend av årsmøtet. Framhaldande årsmøte kan berre handsame saker som var med i godkjend sakliste for årsmøtet.
(9) Sekretæren/-ane treng ikkje vere medlem i idrettslaget.
(10) Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organisert med grupper/avdelingar, skal også omfatte rekneskap og budsjett for desse, og skal følgje oppsettet i Idrettens kontoplan. Dette følgjer av at grupper/avdelingar i eit idrettslag aldri kan vere eigne juridiske og økonomiske sjølvstendige einingar, då laget elles ikkje lenger ville vere eitt idrettslag. Viser elles til § 15 i laget si lov.
(11) Organisasjonsplanen skal regulere den interne organiseringa i idrettslaget. Minimumsinnhaldet i organisasjonsplanen er oversyn over tillitsvalde i tillegg til styret og dei andre lovfesta tillitsverva.
(12) Talet på styremedlemer og varamedlemer vert fastsett ved vedtaking av lova, minimum 1 styremedlem og 1 varamedlem. Det er ikkje noko i vegen for at styremedlemene kan veljast til spesifikke oppgåver.
(13) Idrettslag med årleg omsetning på meir enn kr 5.000.000,- pliktar å ha engasjert revisor, jfr. NIFs lov § 2-17. Idrettslag som kjem inn under denne regelen må ta inn nytt punkt 10 i § 12: «Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sitt rekneskap.» – og med tilsvarande forskyving av neste punkt. Vidare må § 12 (nytt) pkt 11 litra d) endrast til: ”Kontrollkomité på 2 medlemer med 2 varamedlemer.”
(14) Denne høgste avgjerdsmakta kan ikkje, korkje heilt eller delvis, delegerast til andre organ/personar innan laget (det kan såleis ikkje lovfestast at ”representantskap” el.l. skal kunne overprøve styret sine vedtak).
(15) Dette er eit minimum av kva for oppgåver som skal leggjast til styret. Det er ikkje noko i vegen for at det kan gjerast vedtak om at styret skal ha andre oppgåver i tillegg.
(16) Sjå NIF si lov § 2-17.
(17) Dette tilseier m.a. at det berre er idrettslaget sitt styre (hovudstyret der laget har grupper/avdelingar med eigne styre) som kan gjere tilsetjingar, inngå sponsoravtalar, evt. andre avtalar som bind idrettslaget reint juridisk/økonomisk.
(18) Jf. NIF-lova § 2-15, 2. ledd.
(19) Jf. NIF-lova § 2-16.
(20) Ved samanslåing skal eldste skipingsdato og klubbnummer for dette idrettslaget brukast.