Grunnkurs 2025

Grunnkurs 2025

25.05.25 13:45
av Finn Bakke

Kurskalenderen for 2025 er klar. Finn det kurset som passar for deg i kalenderen over, eller under menypunktet KURS. Meld deg inn i klubben først, om du ynskjer det, og få kursrabatt, før du melder deg på kurs, for at påmeldinga til kurs går greiast.

Les mer
Blir du med på padletur?

Blir du med på padletur?

På fellesturane padlar me oftast ut frå Erestraumen, sidan mange vil nytta klubben sine kajakkar. Fellesturane blir annonsert på klubben si facebookside, på dagar med lagleg vér. Ved høve startar turar frå andre punkt som: Nautøy/Føyno, Kråko Fitjar, Rolvsnes, Hiskjo osv. Me legg dei vanlege fellesturane opp alt etter kven som blir med. Det er nyttig med grunnkurs hav som erfaring til turane, men om du vil testa ut om padling er noko for deg, er du velkomen til å vera med på tur med den padleerfaringa du har. Sidan det er relativt kaldt i sjøen her vest det meste av sesongen, må du ha tørrdrakt eller våtdrakt for å vera med på turane.

Les mer
Bli medlem og lån kajakk gratis

Bli medlem og lån kajakk gratis

01.07.23 02:00
av Finn Bakke

Bli medlem i padleklubben og lån kajakk gratis! Som medlem i padleklubben kan du låna klubben sine kajakkar gratis. Val av kajakk kan vera vanskeleg om du planlegg å kjøpa din eigen kajakk. Då er det lurt først å låna og testa ut dei 10-12 ulike kajakkane som Sunnhordland padleklubb har, og gjerne få gode tips frå erfarne padleinstruktørar på førehand. Alt gratis. Føresetnaden er at du har gjennomgått og bestått grunnkurs i havpadling etter Padleforbundet sitt oppsett. Klubben arrangerer grunnkurs gjennom sommaren, frå juni og ut september. Kursa blir annonsert på Sunnhordland Padleklubb sine facebookside og her på heimesida, og går over to dagar, totalt 16 timar. Kurset er ikkje meir krevjande enn at "alle" kan gjennomføra. Kurset kostar kr 1650 for medlemmer. Andre prisar for studentar og ungdom. Medlemskap i klubben kostar kr 400 pr år, og totalt kr 500 for to eller alle i familien. Du melder deg inn i klubben her på heimesida under 'Meld deg inn i klubben' på framsida. Velkommen til å låna kajakk

Les mer
Kvifor ta grunnkurs?

Kvifor ta grunnkurs?

30.01.17 01:00
av Finn Bakke

Mange kjøper kajakk og legg ut på padletur utan nærare kunnskap om padling og det å kunne ta vare på eigen tryggleik. I grunnkurset for havpadling lærer du nettopp dette. Eit utruleg nyttig kurs. Kurset er for alle og særleg retta mot dei som er utrente padlarar. Det er eigne, tilpassa kurs for unge padlarar

Les mer

Kategorier