Bli medlem og lån kajakk gratis

Bli medlem og lån kajakk gratis

Publisert av Finn Bakke den 01.07.23.

Som medlem i padleklubben kan du låna klubben sine kajakkar gratis.

Val av kajakk kan vera vanskeleg om du planlegg å kjøpa din eigen kajakk. Då er det lurt først å låna og testa ut dei 10-12 ulike kajakkane som Sunnhordland padleklubb har, og gjerne få gode tips frå erfarne padleinstruktørar på førehand. Alt gratis.

Føresetnaden er at du har gjennomgått og bestått grunnkurs i havpadling etter Padleforbundet sitt oppsett.

Klubben arrangerer grunnkurs gjennom sommaren, frå juni og ut september. Kursa blir annonsert på Sunnhordland Padleklubb sine facebookside og her på heimesida, og går over to dagar, totalt 16 timar. Kurset er ikkje meir krevjande enn at "alle" kan gjennomføra. 

Kurset kostar kr 1500 for medlemmer. Andre prisar for studentar og ungdom. Medlemskap i klubben kostar kr 400 pr år, og totalt kr 500 for to eller alle i familien.

Du melder deg inn i klubben her på heimesida under 'Meld deg inn i klubben' på framsida.

Velkommen til å låna kajakk.