Kort Tur - Fra Erestraumen til Barmane
Invitasjon til kort padletur
Me planlegg ein roleg padletur og håpar du vil bli med! Her er detaljane for turen:
- Kor: Oppstart frå Erestraumen med kurs mot Barmane (6-8 km).
- Når: Søndag 26. april. Oppmøte kl. 10.30, me er på sjøen kl. 11.00. Me reknar med å vere tilbake rundt kl. 14.00.
- Kven: Me er ein liten gjeng som dreg i lag, og turen er open for alle som har lyst på ein fin dag på vatnet.
- Kvifor: Fordi me vil nyte naturen og ha ein sosial tur i lag.
Ver og forhold
Varselet viser 7 grader og vindstyrke på 5–6 m/s frå nord. Me legg opp ruta slik at me finn mest mogleg ly for vinden, og me satsar på å finne ein lun stad for ein god pause undervegs.
Hugs dette:
- Kle deg godt: Bruk tørrdrakt, varm hue og gjerne hanskar.
- Mat og drikke: Ta med niste og noko varmt å drikke.
- Utstyr: Kajakkane er no på plass i Erestraumen etter bassengtreningane.
Viktig å vite: Turen er i utgangspunktet avslappande, men låg temperatur og vind kan gjere forholda noko krevjande. Sørg derfor for at du er førebudd på forholda.
Blir du med?
Meld deg her: Padleboken ( https://padleboken.no/logg/?EVENT=7696 )
EndFragmentDetaljer
Dato
søndag 26. april 2026
Klokkeslett
10:30 – 15:00
Kalender
Kort Tur