Overnattingstur til Nord-Huglo

Huglo ligg aust for Stord, med ca 100 innbyggarar. Her finn me sjølvbetent, døgnopen butikk, med dusj og toalett,
og ei fin småbåthavn. 
Reisa er enkel. Me tar gratisferga frå fra Jektevik, eller eigen båt.
Overnatting telt i privat hage, om du ikkje ordnar anna overnatting sjølv.

Fredag 21 august:
Me tar ferja kl 17.05 eller 18.25 fra Jektevik,
set opp telt, og tenner bålpanne i fjørestenene fra kl 18.00 ved Salamonbua.
Me tar ein liten padletur rundt Storsøy, ei freda øy med spesiell vegetasjon.
Lørdag 22 august: 
Tur med låge ambisjonar rundt Storsøy og inn Flakkavågen. Vafler, kaffe og omvisning i røykstove og kort tur til Russerhola på Laukhammar. Bålpanne i fjøresteinene i basen. 
Søndag 23 august: 
Kortere tur langs Huglo til Haukanes, og nyt den flotte naturen. 
Me er klare til heimreis ca kl 14.00.

Ta med eigen mat, eller kjøp i butikken på Huglo. (Obs! Dei kan gå tomme for grillmat)

Pris ikkje avklart, men rundt kr 500 pr pers

Påmelding seinast 20.7 til Solveig A. (solveig.agdestein@gmail.com).

På grunn av avgrensa teltplass kan me berre vera 17 personar på tur. Meld deg på no!.

Detaljer

Dato fredag 21. august 2026
søndag 23. august 2026
Kalender Grunnkurs 2026